torsdag 12. juni 2008

Utsatt! Ikkje avlyst

Det som ingen håpa skulle skje skjedde; sjukdom og magesjau har satt ein stoppar for turen. Ein kan sei at sykkelekspedisjonen praktisk talt har gått i dass. For ei stund.

Det er slik som skjer og ingen ting å gjera med, anna enn å ta tida og doktorens råd til hjelp. I dette tilfellet vil det seie sykkelkarantene. Det betyr ikkje at turen avlyst, han er utsatt til eit tidspunkt der begge er friske og oppegåande og har tid og stunder.