onsdag 14. mai 2008

Klare for å trekke, eventuelt trakke, sørover



Dette er oss:
Ingvild og Signe
Me skal frå Lindesnes til Gibraltar

På sykkel

Det er mykje ein kan sei om Europa

Det er varmare i sør en i nord. Det er flatt i Danmark og bratt i Spania. Mange har raudt hår og fregner i England, medan dei fleste er solbrune i Italia. I Frankrike drikk dei vin, medan dei drikk øl i Belgia. Sverige har billig snus, medan det er blodprisar i Monaco. Sveits har tollekniver og Nederland har tresko. Skotter går i kilt, medan nordmenn går i sykkelshorts.
Ikkje du? Det gjer me.

Det er langt frå kalde Noreg til sørspissen av Spania. Nesten 400 mil, skal me stole på kartet. Sommerfuglane i magen har blafrar med vengene, og føtene har byrja å vifte med tærne. Ikkje lenge att til avreise no.

23 juni flyg me.